HISTORIA OM DR.NONAME



Dr.Noname er eit Country pop/rock band frå Førde i Sogn og FJordane.

Vi lagar hovudsakleg festlege/humoristiske låtar på norsk.


Dr.Noname består av eit sambuarpar, låtskrivar Gry Hauge Ulltang, og vokalist

Dan Mikal Ripe Frøystad. Medverkande på låtane er litt varierande (sjå meir detaljar under diskografi), men fast inventar på trommer er Frode Andreassen.


Historia om Dr.Noname starta våren 2019, då Trøkk n' Truck festivalen i Førde utlyste ein låtskrivar konkurranse for ny festivallåt. Gry og Dan laga for morroskyld, og utan særlige forhåpningar, eit bidrag og sendte inn. Til vår store glede gjekk vi saman med 9 andre vidare til finalen, og fram mot finalekonserten laurdagen under festivalen, streama sangen uventa bra. Laurdag kveld 10 august 2019 kunne Dan lettare sjokkert, men stolt og glad, entre scena for å ta imot heder og ære då vi vart utropt som vinnar av konkurransen.


Ettersom vi var fornøgd med konseptet vårt, tenkte vi at vi like godt kunne prøve å gi ut litt fleire låter under navnet, då vi hadde fleire låtar liggande som vi har laga saman,

og fleire idear på lur.


Siste helga i August 2019 slapp vi «Traktorlappen», den laga vi også musikkvideo til.

Det er fleire låtar på veg iløpet av hausten 2019.



Vi får mange spørsmål om kvifor vi heiter Dr.Noname. Navnet bunnar i ein intern missforståelse etterfulgt av morsomheter på jobben til tekstforfatter Gry, og har egentlig ingen anna grunn enn at det føltes riktig der og då, fordi vi måtte ta ein rask avgjerdelse på bandnavn.



~ Dr.Noname - September 2019 ~